Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
_ 7_8_
eg mykje for lang til aa vera, ser Di.« Og han
lagde Bøkerne sine ifraa seg, tok Daniel under Armen,
drog han med seg midt frampaa Golvet og song, med
brestande Maal og store Teaterfakter:
»Jeg — er — Olsen den første, Olsen den første, Olsen den
første;
Han — er — Olsen den anden, Olsen den anden, Olsen den
anden, —
— Begge vise Mænd.«
Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky.
Johannes Ortvedt higrad med, og Augo hans lo, og
Skjegget hans lo, og heile Mennesket lo; for han
visste, at no kom Markussen med Deklinasjonen.
Og Markussen kom med Deklinasjonen. Apropos:
kunde Hr. Olsen den fyrste deklinera »Olsen«? —
Fleire og fleire kom. Ein og ein, tvo og tvo,
ny-tvegne og bleike, slitne aa sjaa til; Svevnen sat
enno i Augo paa dei, og mange sagde: »uff! jæ er
saa trætt i Hode i Dag.« Og for kvar, som kom,
vart den Ortvedske Deklinasjonen teken upp att, og
Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. Men
Ortvedt stod og høyrde paa med Augo lysande av
sjølvnøgd Gleda; for i Dag hadde’ han vunnet eit
Namn, som vilde liva lengje i Klassen.
Det »akademiske« Kvarter var strakst ute;
Gut-arne kom i Flokkevis. Some sette seg strakst paa
Plasserne sine, tagalle og inyrke, slog upp ei Bok
og stengde seg inn i seg sjølve; andre flokkad seg
um y>Olsines« og den store Deklinasjonen. Der
kom Hans Haugum. »Hr. Haugum! Hr. Hauguin!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>