- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
205

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

205

ein ungdom til å velja ein arbeidsplass der han kann få
bruk for den arbeidsevna han har.

Det er lett å skyna, at etter dei skilsgrunnar som
denne inndeling me no har umtala, byggjer på kann
same mennesket høyra til fleire av desse typene. Ein kann
høyra til dei medvitne tenkjarane, og samstundes og vera
teoretikar og objektivist t. d. Det er Og so, at me har halde
oss til dei reindyrka motsetningar i den skildring me no
har gjeve. I det verkelege livet er det vel so, at største*
parten av menneska ikkje er so åndeleg einsidige. Det
er endelaust med millomtyper. Og til dei soknar storparten.
Men at dei skilsgrunnar som er nemnde, peikar på ser*
merke og viktuge skilnader som ein verkeleg finn, det er
tvillaust. Det vil ein sanna di meir ein lærer dei ymse
menneske å kjenna til gagns.

Me har alt nemnt at desse skilnader finn ein ikkje
berre hjå dei vaksne menneske. Dei kjem sikkert tyde*
legare fram hjå dei enn hjå born. Men alle som har
havt med noko mange born å gjera, og har lært dei å
kjenna grundig, dei vil ikkje vera i tvil um, at ein finn
dei same intelligenstyper i alle fall hjå eldre born som
hjå dei vaksne. Likevel er det so, at ikkje alle er like
ferdiglaga i barneåra, og kjem like tydeleg fram, då som
seinare. Den som er minst ferdiglaga, er tvillaust den
«teoretiske» typen. Då meiner me ikkje berre det, at eit
barn ikkje kann greia det tankearbeid som ein vaksen
kann makta, jamvel um det har ein medfødd givnad til
logisk tenkjing. Sjølvsagt kann det ikkje det. Barn gjer
barns arbeid, jamvel um det har evner som varslar um
den store tenkjaren. Men um ein ser burt frå det, so
lyt ein visseleg sanna det som me fleire gonger har umtala,
at abstrakt tenkjing er det åndsarbeid barnet i det heile
greier minst. I det stykket er det visseleg minst ulikskap
på dei ymse born.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free