- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
179

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

179

vitnemål um at det set det krav, at det skulde ha vore
meining der det no tykkjer at ei slik meining vantar.

Det som det gjeld um, det er at barnet skynar korleis
fyrestellingane høver til kvarandre. Og her er det at upp*
sedaren må hjelpa til. — Lange slutningsrekkjer har barnet
ikkje lag til å gjera. Det arbeider med »korte slutningar«,
der det er få leder å arbeida med for tanken. Eit 4 år
gamalt barn skynar ikkje um det er god meining i ei lang
forteljing. Men det skynar at det er meiningslaust å segja:
eg har tvo brør, Per og eg.

Når ein veit korleis dei logiske kjensler kann driva
ein til å halda orden og tanketukt, og kva verknad det
har både på den åndelege voksteren vår og det åndelege
arbeidet ein kann gjera i det heile, so må ein aldri verta
lei av å gjera samhøvet millom fyrestellingane i dei ymse
tilfelle klårt for barnet. Det er utruleg kva verknad det
kann ha. Det var ikkje so toskut gjort av Sokrates, når
han gjekk kring og tala med folk og fekk dei til å sjå at
dei i samtalen hadde snakka seg sjølv imot. Den logiske
ulystkjensla — og den krenkte ærekjensla — gav dei ikkje
ro. Og born har det noko på same måten. Det er um å
gjera at dei skynar galskapen eller tankesamhøvet. — Når
det gjeld slike uppgåver som barnet maktar, so er ikkje
tankearbeid motbydeleg for barnet. Tvertum. Det likar
det. So ein tarv aldri otta for å lata barnet få høveleg
tankearbeid. Sjå berre kor uppteken ein gut kann verta
med å få nokre byggjeklossar til å verta hus. »Stillesit*
jande leikar« som Frøbel laga so mange av, er framifrå
uppsedingsmidlar når det gjeld logisk tenkjing. Ymse slag
»brettspel« er her og å nemna. Likeins gåter, rebusar
o. s. b. Men lat oss ikkje gløyma det som ligg nærast for
hand: vitug og naturleg tale.

Den lærar som gjer tankearbeidet keisamt for barnet,
han burde verta fråteken læraryrket. Det er nett kjenne*
merket på den store lærargivnaden det, at han kann få
det arbeidet som krev umtanke og trott av elevane, til å
vera hugnadvekkjande.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free