- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
172

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

172

av vond røynsle lærer at dei vaksne kann vera svikfulle
og ikkje å lita på. Diverre steller me vaksne oss ofte
so, at det er ikkje stort barnet fyrr me kann sjå at det
trur berre so måteleg på det me fortel det.

Men når foreldra og andre som barnet lit på, fortel
det um Gud, so er det naturleg for barnet å halda det
for sant. Og barnet er ikkje stort i eigne tankar. Det
kjenner seg hjelpelaust, og tek med glede mot hjelp utan*
frå. Det er då berre naturleg at eit slag religiøs tenkje*
måte eller ein religiøs måte å leva livet på finn vokster*
vilkår i barnet sitt sjeleliv. Det stadfester og den vit*
skaplege etterrøknad. Karl Just har granska »den reii*
giøse kjensla i barneåra«. Han skriv m. a.: »Den religiøse
kjensla ovrar seg alt tidleg hjå barnet. Ho veks fram av
det, at barnet kjenner seg knytt til foreldra, kjenner seg
glad i foreldra. Og likeins av at den menneskelege hjelpe*
løysa går upp for det — noko nettupp barnet røyner so
sårt. Den beste hjelp og fremding får den religiøse
kjensla gjenom dei gode og gudelege seder og skikkar som
barnet umedvitande veks seg inn i i heimen frå det er
lite. Den største religiøse verknad går ut frå mora;
men og andre, soleis faren, kann verka med på ein sig*
ningsrik måte.« Dette som Karl Just her segjer, er umlag
ord til anna so som Pestalozzi skreiv i »Korleis Gjertrud
uppsedar borna sine«. Pestalozzi var ikkje vitskapsmann
i vanleg meining av ordet, langtfrå det. Men han var i
mange måtar ein pedagogisk tankelesar og profet som
kjende kva som var sant. I boka mi »Soga um Uppseding
og Skule« har eg freista gjeva Pestalozzi sine tankar att
so stutt og so sannferdig som eg kunde få det til. Eg
veit ikkje å gjera det likare no heller, og nyttar difor
det som står der: »Det religiøse sjeleliv hjå barnet har
sitt naturlege upphav i kjærleiken til mora. Det er lite
mun i å tala med eit barn um å tru på Gud og elska
Gud dersom det ikkje har ei mor eller noko anna men*
neske som det lit på og elskar. Det vert uskynleg tale
for barnet. For her og går barnet ut frå det som det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free