- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
167

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

167

tak stadfester regelen, segjer eit gamalt ord. Og ein tarv
ikkje vera i tvil um kva som er undantak og kva som er
regelen i dette tilfellet.

Dette at naturkjensla har so liten plass i barnet sitt
sjeleliv i det store og heile, er det ofte teke for lite umsyn
til i lesebøker for born. Dikt som skildrar naturstemningar
som me vaksne kann kjenna, er ikkje barnemat. Borna
skynar ikkje stort av slikt, av di dei har so lite upplevingar
sjølv av det slaget.

Naturkjensla veit me høyrer med til dei estetiske
kjensler. Men ho er ikkje den som det er lettast å gjera
etterrøknader med. Ymse andre estetiske kjensler gjev
betre høve til eksperiment. Soleis dei kjensler som fargar
og former kann vekkja.

Born likar slett ikkje alle fargar like godt. Små born
likar oftast raudt best. So kjem blått, og deretter grønt
og gult. — Born over 7 år likar blått best; so kjem
raudt, grønt og gult. (Vaksne likar sjeldan gult sers godt,
men born tykkjer den fargen er bra). Dei fargar som er
mest mislikte av både små og store born, er svart og so
alle slag grått Brunt er heller ikkje mykje umtykt. Det
same gjeld og kvitt.

Det har vore gjort mange eksperiment med korleis
born verdset bilete. Når det gjeld slik verdsetjing, er det
ovstor skilnad på born og vaksne. — For det fyrste er
det å leggja merke til, at sjølve forma er inkje for det
vesle barnet; innhaldet er alt. Barnet ser ikkje på um
ei teikning liknar det som skal vera teikna. Det kann
me sjå so tydelege døme på i mange ting. — Barnet set
nokre strek med ein blyant på eit papir og segjer: dette
er mor, dette er veslesyster. Men me ser ikkje at det
tenkjer stort på likskapen. — Heilt ute or tankane er vel
ikkje fyrestellinga um likskap. Skal ein gut teikna far
og mor, eller bror og syster, so lagar det gjerne eit slag
hatt på mor og syster, som det ikkje set på far og bror.
Veslesyster får gjerne ei sløife i håret, men aldri bror.
(Er det ei lita gjente som skal teikna syster si, so kann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free