- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
159

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

159

samanheng tala um etteraping hjå barnet. Men her og
må det verta peika på, at dei ytre teikn söm ein kann sjå
på glede eller otte eller sorg hjå barnet, kann skriva seg
frå etterlikning, og difor ikkje vera merke på eit kjensle,
tilstand hjå barnet. Smiler ein åt eit barn, so tek det
gjerne til å smila. Og ser ein fast og strengt på barnet,
so vert det og so ålvorleg. Her kann det ofte vera berre
etterlikning. Det er soleis ikkje alltid godt å tyda rett dei
ymse rørsler hjå barnet.

At det er ein fast samanheng millom det kroppslege
og det sjelelege, det er noko me ser so uteljeleg mange
døme på. Eit visst sjeletilstand syner seg kroppsleg på
visse måtar: glede, sorg, tross, vanvyrdnad o. s. b. gjev
seg kroppslege utslag som er so tydelege, at me kann lett
sjå dei. Difor les me oss til det indre og usanselege av
det ytre og sanselege.

Denne inderlege samanheng millom kropp og sjel
gjer, at ein kann setja seg i eit visst sjeletilstand eller fram.
elska eit visst sjeletilstand med å taka til med dei rørsler
eller uttrykksmåtar, som dette sjeletilstandet plar draga etter
seg. So segjer i alle fall sume psykologar i vår tid. Eg
har nemnt denne tanken i stykket um ansing. Men eg
må og nemna denne synsmåten når me her talar um kjensle,
livet. For mange segjer som so: få guten din til å smila,
eller få han til å knyta nevane og bita tennene saman, so
upplever han snart å kjenna seg glad og tilfreds eller sint
og trossug. Når me då veit at born har so lett for å
etterlikna, so kann ein umveges få born i den stemning
ein vil. Det er ein av grunnane til at ein kann få eit
barn som græt, til å iæ og verta glad sjølv, dersom ein
smiler åt det. Ein kann stundom snakka på denne måten
kjensler inn i barnet og ut av barnet, segjer Meumann.
I dette stykket er i alle fall mange born umlag som få.
mingar. Meumann fortel at han såg ein gong ein idiot
som gret eller lo plent på kommando. Um det ikkje
nettupp går so lett med vanlege normale born, so er det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free