- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
118

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118

lært å skriva so som dei vilde ordleia seg i naturleg
munnleg tale. Det er remser frå bøkene dei strevar med
å hugsa og stella til litegrand. Og so vert det både
fattigt og løgje det dei får til. — Denne mekaniske her*
minga er ofte so stor jamvel hjå mange av dei som kjem
på ungdomsskulane, at det er etter måten sjeldan å
treffa ei setning som ein kjenner ber bod frå stilskriva*
ren sitt eige sjeleliv. Mest alt er skrive med »påhalden
penn«.

Sjølvsagt er denne upersonlege stilen frå ei side set
ei naturleg fylgje av, at barnet ikkje anten er eller kann
vera åndeleg vakse endå. Men røynsla lærer oss og at
læraren kann gjera mykje både til å halda barnet nede
millom »hermarane« og til å få det til å målføra seg
sjølvstendig. Vert barnet halde til å fortelja med eigne
ord um det det har fått kjennskap til, so kann jamvel
berre medels evnerike born læra seg i alle fall ei grei og
naturleg målføring. Det har mange foreldre og lærarar
røynt. Men då må ikkje uppsedaren taka dette arbeidet
lett og likesælt. Det er ofte at evnerike born i stor mun
lærer av dei vaksne ei målføring som er sers lite natur*
leg for eit barn. Her bør uppsedaren ikkje lata barnet
få arbeida plent som det sjølv finn på. Han må med
takt og varsemd halda barnet til å tala soleis at orda
tolkar det barnet sjølv tenkjer og kjenner. Då kann
jamvel sume 10— 12*årsgamle born målføra seg soleis at
ein verkeleg med full rett kann tala um ein personleg stil.
På ein annan stad skal eg syna eit par prøver på slik
personleg barnestil (sjå s. 201—202). No er det sjølvsagt
so at storparten av borna kjem ikkje so langt som til ein
slik sermerkt stil. Men ein naturleg stil kann barnet få
sans for. Og då er det kome inn på den vegen som fører
mot rette målet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free