- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
97

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

97

Det er berre arbeidet det er sett til, det har å leva med
i. Og når arbeidet då er uppatt og uppatt det same, ja
so vert barnet snart leitt av det. — Men endå verre må
det verta for barnet um ein krev at det skal sitja roleg ei
lang stund og ikkje taka til med noko slag kroppsleg
arbeid. Det er beint fram å krevja det urimelege av eit
lite barn. Det har ikkje fyrestellingar å arbeida med;
dei eig inga stor minnebok det kann taka fram og blada i;
det har inga fortid å leva i. Og det legg heller ikkje
planar for framtida. Men det kann lel ikkje sitja plent
gjerandslaust. Dersom barnet er friskt både på kropp
og sjel, so vil det kjenna ein ustyrleg trong til verksemd
på ein eller annan måte. Barnet må vera aktivt. Og
når det ikkje er noko anna for hand, so må det ned
på golvet og leika med noko. So er det slutt på den
høgtidsame stilla, og sjauen og uroa tek til. Kanskje er
det ofte at det gjer oss eldre beint fram vondt, at me skal
verta uroa av barnet soleis I Me hadde det so godt der me
sat og dagdrøymde. Men no skal du ha takk, no tok
denne »urokråka« til att. Uff, for ei plage; aldri er det
då råd å få ei roleg stund! Likevel — det er natur*
leg at barnet stelte seg som det gjorde. Det lever ikkje
anten i fortida eller i framtida. Det lever i notida. Og
er det ikkje nokon annan som gjev det noko å arbeida
med nett no, so lyt det finna på noko sjølv. Det er ikkje
råd anna.

I denne samanheng må me og hugsa på at barnet
ikkje har lag til å venda tanken innetter, men utetter.
Barnet analyserar ikkje seg sjølv, det granskar ikkje sitt
eige sjeleliv og arbeider ikkje med det mål for auga å
læra seg sjølv å kjenna. Det som barnetanken skal vera
sysselsett med, må vera å finna utanum barnet sjølv.

Men det er diverre ikkje so at barnet fylgjer med i
det som dei vaksne set barnet til å arbeida med, — veit
me. Det har me og nemnt fyrr. Det barnet tenkjer mest
på, det er ofte slikt som me vaksne tykkjer ikkje er ein
tanke verd. Barnet og me vaksne brukar sers ulike verd*

Nordeide: Frå barn til vaksen. 7

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free