- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
94

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

94

plar ha det med seg, at augo stirer mot eit visst punkt
ute i romet (det ein samlar åtgaumen um). Samstundes
letter ein augnebrunene upp, og musklane i skallen dreg
seg saman soleis, at det lagar seg vassbeine rukker i skallen.
So er det med dei vaksne. Og borna har det i det store
og heile på same måten. Skilnaden er den, at hjå borna
er dei kroppslege verknader som ein kann sjå med augo,
so mykje sterkare enn hjå dei vaksne. Kor kann ikkje
barnet få rukker i skallen og «gjera store augo» når det
skal sjå på noko. Eller når det skal skriva ein bok*
stav, so rører det lippene og nikkar med hovudet i takt
med fingerrørslene. Ofte bøygjer barnet overkroppen sterkt
framover når det er retteleg med. Den namnspurde tyske
skulemannen Diesterweg har ein gong skildra ein gaumsam
barneklasse soleis : «Barnet sit der ; augo og øyro er vende
mot læraren. Det er so stilt, so stilt; det er jamvel som
borna ikkje skulde anda. Etter som forteljinga er, lyser
det i barneaugo eller tårer renn ned over kinnene».

Det finst ikkje stunder som er so gilde for læraren
som ein slik time kann vera. Um ein no ikkje er ein
Diesterweg i skulestova, so er det då so lel, at ingen lærar
kann gløyma barneaugo når han ser dei vende mot seg
medan han fortel noko som borna vert tekne av. Ja det
er ikkje berre augo som segjer ein at tankane no er samla
som ljosstrålene i eit strålemot. Kvar muskel, kvar sen
og sege i barnekroppen ser ut til å vitna um, at all den
kraft barnet eig og har, no krinsar um ein einaste ting.

Det er ikkje berre i skulestova barnet soleis med heile
sin kropp kann fortelja um sterk åtgaum. Sjå på vesle
gjenta når ho steller med dokkene sine t. d. Eller når
ein gut står på gata og stirer på ymse ting som kann
vera utstellte i eit vindauga. Han står gjerne med upp*
spilte augo og med litegrand gapande munn ; kanskje og
eine sleikjepotten er komen upp i munnen. Er det noko
han hugar sterkt, so er det gjerne tilfellet at det samlar
seg so mykje vatn i munnen at det renn litegrand ut
munnvikane. Men sjå vel på ein slik gut som han står

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free