- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
87

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

vaksne er det oftast lite serfyrestellingar som vert fram*
kalla (hjå sume berre 5—6%). I det stykket er borna
sers ulike dei vaksne.i

I nær samanheng med at barnet har mest konkrete
sakfyrestellingar truleg like til det går ut av folkeskulen
står den røyndom at barnet i stor mun er optikar eller
visualist i sitt fyrestellingsliv. Ein ovleg stor part av fyre*
stellingane er bygd på synskjenningar. Fyrst etter at so
mange fyrestellingar vert knytte til ord, kjem den akustiske
hovudform retteleg fram. Og då kann det henda, som
me og har nemnt fyrr, at sume menneske vert helst visua*
listar i sakfyrestellingane sine, men akustikarar når det
gjeld ordfyrestellingar. Det er soleis ikkje berre ein med*
fødd givnad som er årsak til kva slag fyrestellingar ein
kjem til å gøyma på. Den måte eller det middel som
vart nytta då fyrestellinga vart til og vart fest i minnet,
har og noko å segja.

I det fyrestellingsforråd som barnet samlar seg, har
dei ein stor plass dei fyrestellingane som på ein eller
annan måte heng saman med verksemd og fyrst og fremst
med rørsle. Verkeordet «hest» kallar gjerne fram hjå barnet
fyrestellinga: rida på hesten (vår hest, kanskje); elv:
renn ; kjøt: vert ete ; snø : brånar. Dette syner kva slag
fyrestellingar som er so levande for barnet at dei lett kjem
fram i tankane når det upplever noko som kann kalla
dei fram.

For uppsedaren er det forvitneleg og lærerikt å leggja
merke til kvar barnet har fått dei frå dei fyrestellingar

1 Professorane Meumann og Ziehen fann båe tvo at nett dei 6—13;
åringar som etter alderen stod høgst i intelligens, dei hadde etter
måten sers mange serfyrestellingar. Jamvel hjå 13 — 14*åringane
fann Meumann at serfyrestellingane hadde eit stort overtak. Dei
mindre intelligente born hadde etter måten fleire abstrakte fyres
stellingar. Meumann meiner difor det er eit dårleg merke, dersom
eit barn for tidleg får dei vaksne si fyrestellingsgrunnform.

Helga Eng kom til det at born i 11 —15«årsalderen tenkjer
helst i ålmennfyrestellingar. Eg kjenner ikkje til at andre som
har granska dette eksperimentelt, har kome til eit slikt resultat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free