- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
63

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

63

so har eg ikkje synsinntrykk av noko; men likevel er det
som eg har eit bilete av blekkhuset for meg. Og dette
biletet kann eg gøyma på og taka framatt for meg både
titt og ofte. Dette biletet som eg soleis ber på, kallar me
ei fyrestelling. Eg kann soleis få ymse fyrestellingar etter
som sansingane er ymse. — Eg får og fyrestellingar um
å frysa, å vera mett eller svolten, å vera sorgfull eller
glad, å vera trøytt eller utkvild, å arbeida eller dovna
meg. I alle tilfelle er det upplevingane mine som ligg til
grunn for dei fyrestellingar eg har. Den som aldri har set
ein farge eller høyrt ein tone, eller kjent seg trøytt, kann
aldri få nokon tanke um fargar og tonar og trøyttleik.
Eiga uppleving er den einaste veg til å vinna seg fyre*
stellingar.

Men fyrestellingane kann vera so mange slag, og dei
får so ymse namn etter det som sermerkjer dei. Ofte vil
namnet segja so greitt kva som ligg i ordet, at kvar og ein
skynar det utan vidare. Soleis veit alle kva me meiner
med synsfyrestelling, høyrslefyrestelling, luktfyrestelling o. 1.
Her har fyrestellinga namn etter dei slag sansekjenningar
ho har sitt upphav frå. — Men me talar og um serfyre*
stelling, ålmennfyrestelling og abstrakt fyrestelling. Og
dei namna må det verta sagt litegrand um fyrst, so det
vert klårt kva ein meiner med dei.

Eg kann tenkja på ein viss hest t. d. og freista få
fyrestellinga um han so klår og tydeleg som eg kann.
Denne fyrestellinga vil då gjelda denne hesten og ikkje
noko meir. Ei slik fyrestelling vert kalla ei serfyrestelling.

So kann eg og tenkja på nett det alle hestar er like
kvarandre i, og sjå burt frå all ulikskap (t. d. farge,
storleik, alder o. s. b.). Ei slik fyrestelling som gjeld berre
det som er sams for fleire ting, vert kalla ei ålmenn*
fyrestelling.

^ Eg kann og taka til å tenkja berre på ein viss eigen*
skap, (grøn, blå t. d.) og slett ikkje tenkja på dei ting
som har ein slik farge. Er det råd for meg å tenkja
på ein eller fleire eigenskapar soleis utan samstundes og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free