- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
46

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

Det nyfødde barnet kann ikkje styra augo so at dei
fylgjest åt, so som me vaksne kann. Det går ei tid fyrr
denne muskelmekanismen er komen i heilt arbeidsført
stand — frå nokre få dagar til ein månad. Det kann vera
so ymse med det.

Reint reflektorisk vert pupillen større eller mindre i
barneaugo som hjå oss vaksne når augo vert trefte av ljos
som skifter i styrke. Denne refleksverksemd går for seg
hjå barnet like frå det fyrste.

Det har vore lagt merke til, at barnet tek snart til å
venda augo etter ei ljoskjelde — endå um ikkje augo kann
fylgjast åt heilt. Alt den tridje eller fjerde dagen kann
ein sjå det. Men det gjeld berre ting som ligg svært nær
augo. Augleitet — synsfeltet — er so lite. Set ein eit
talgljos 2—3 meter framanfor eit 20=dagar gamalt barn, so
vender det augo mot ljoset. Det augnefester ljoset. Men
flytter ein so ljoset so det kjem 4—5 m. frå barnet, so let
det augo glida reint i det uvisse. Ljoset er no kome utum
augleitet for det 20 dagar gamle barnet.

Det vilde vera ovleg forvitneleg for oss um me kunde
koma etter kva barnet verkeleg ser, korleis synsbiletet tek
seg ut fyrste gong barnet slær upp augo. Då vilde me
koma langt på veg med å løysa eit av dei vanskelegaste
psykologiske spursmål: korleis fyrestellinga um romet vert
til. Men diverre er det rådlaust for oss å verta visse her.
— Sume meiner at barnet i den allerfyrste tid ikkje ser
noko utanum seg. Ljos og fargar står i so måte for bar*
net på same måten som svoltkjenning eller hovudverk.
Barnet upplever noko i seg, men set ikkje dette i samband
med noko utanum seg. — Andre trur at barnet nok legg
dei ymse ting det ser, utum seg, men i liten fråstand, um
tingen enn er langt burte.

Blindfødde som har vorte opererte og so fått synet,
har fortalt so ymse um korleis dei tykte det tok seg ut
for dei med det same dei fekk synskjenningar. Det ser ut
til dei har ikkje havt det på same måten. Dei har ikkje
upplevt det same. No er det ovleg få av dei blinde som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free