- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
37

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37

lege sansekjenningar um det elles står langt tilbake for
eit vakse menneske i utvikling. Me skal no sjå meir på
korleis det er med barnet når det gjeld å få sanse*
meldingar.

Smaks-sansen. Smaksorganet er heilt brukført med
same barnet er født, ser det ut til. Ja sumt kunde kanskje
tyda på at det i dette stykket er endå betre utrusta enn
den vaksne.

Hjå oss vaksne er det berre ymse plassar på tunga
som har brukføre smaksorgan. Hest er det tungetippen
og ei rand kring tunga innover tungeflata litegrand, og so
eit stykke på baktunga. Tungeryggen derimot har ikkje
brukføre smaksvorter hjå oss vaksne. Men barnet har
brukføre smaksreidskapar so å segja på heile tungeflata,
og attåt i slimhuda i munnen på fleire stader. Smaks*
organet breier seg soleis vidare hjå barnet enn hjå oss.

Korleis smakskjenningane er hjå det nyfødde barnet,
kann me sjølvsagt ikkje vita noko um. Men andletsdrag
og uro på annan måte viser at barnet tidleg kjenner skil*
nad på morsmjølk og onnor mjølk. Barnet skal og gjera
munnen annarleis til når det får noko som smakar beiskt
eller surt inn på tunga, enn um det får noko som smakar
søtt.1 — At smaksreidskapane hjå barnet er serleg vel til*
skipa tidleg, det er tvillaust. Men kræsne på maten for
smaken si skuld vert borna sjeldan fyrr i det andre leve*
året. Dette kræsenskap er elles ein uvane som dei vaksne
lærer barnet upp til — som dei lærer barnet so mange
unotar diverre.

Sume vitskapsmenn peikar elles på at ein bør ikkje vera for snar
til å taka ymse slike drag i munnvikane og andletet til prov på
medvitande skiljing. Dei segjer at slikt kjem i stand som ei refleks*
rørsle. Til prov for det peikar dei på, at det skal vera råd å leggja
merke til slike muskeldrag jamvel hjå dei born som er fødde
utan storhjerne. Men hjå slike kann det aldri vera tale um med*
viting. — Eg nemner dette av di me har so lett for å tyda alle
andletsrørsler hjå barnet som »uttrykks’rørsler«. Men det er dei
visseleg ikkje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free