- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
24

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

so er det ikkje nok at «synscentret» i hjernen er arbeids*
ført. For der vert det berre motteke vitring um påverknad
av synsnerven. Det som går for seg i den del av hjernen,
fører berre til at han veit um ei synskjenning. Skal
mannen kunna tenkja den tanken at no er eplet moge, so
må synskjenninga føra til at det han fyrr har høyrt og
røynt um mogning av eple, og kjem upp i tankane. Men
til det må det nyttast andre luter av hjernen enn syns*
centret. Det må då på ein eller annan måte verta so, at
arbeidet i synscentret fører til hjernearbeid andre stader
og. Og her er det ikkje det same kva veg hjernerørsla
går. Gjekk rørsla frå synscentret til smakscentret t. d.,
so kunde ei smakskjenning verta fylgja, og ikkje tanken
um kor langt eplet var kome i si utvikling.

Tanken um det mogne eplet kann draga etter seg
tanken um å taka det. Men då vert det spursmål um
kven som eig det, um det er rådleg å taka det o. s. b.
snart sagt i det endelause. Og då kann større og større
luter av hjernen verta med i tankearbeidet.

Hjå barnet vil det ikkje gå so. Barnet sitt syns*
centrum kann vera like godt som den vaksne sitt. Barnet
får ei like sterk og tydeleg kjenning som han. Men med
det stoggar hjernearbeidet. Barnet har aldri endå havt
kunnskap um mogning av eple. Slik kunnskap er difor
heller ikkje gøymd nokon stad i barnet sin hjerne. Eller
det er ikkje kome farvegar i stand, so rørsla kann gå
over frå synscentret til den plass der ho måtte verta til
den verksemd som skulde ha til fylgje tanken um det
mogne eplet. — Det samarbeid som er so lett å få til
millom dei ymse hjerneplassar hjå den vaksne, ser me
mindre til hjå barnet. Hjernen er i mindre mun central*
stasjon, der den naudsynlege overføring, det formålsten*
lege vegskifte vert gjort. — Her har me for oss noko av
det som kastar ljos over so mangt i barnet si åtferd og
gjer at det vert so mykje annarleis enn me vaksne. Det
er dette som gjer at barnet, som Herbert Spencer sa, ei
tid ikkje kann tenkja ein moralsk tanke. Og endå er ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free