- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
96

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

tenesta i Kina: Arthur Hertzberg, Jørgen Nielsen,
Yolrath Vogt, Andreas Fleischer og andre studentar.
Dei var ikkje teologar dei fleste; dei fleste hadde studera
naturfag og lækjarvitenskap. No vilde dei bruka
kunn-skapane sine i misjonstenesta. Og du veit ein kristen
dokter kan mang ein gong preika med sitt liv betre enn
nokon prest på preikestolen. Heile rørsla sette seg til
mål: å nå ut til alle folkeslag med Kristi evangelium
no i vår tid. Frå Japan sende dei kristne japanske
studentar telegram til eit studentmøte i Amerika: make
Jesus king! gjer Jesus til konge! Det var fana dei
fylka seg under. Ein song fekk dei, som vert sungen
på mange mål yver heile verdi. Arne Garborg sette han
um på norsk: Lov Jesu namn og herredom.

Det var denne rørsla presten i Stavern fortalde um
til Jonas Lie på hans gamle dagar. Jonas ropa på kona
si: Thomasine! dette må du høyra! dette er store
utsyner.

I det siste har vi fått endå ei rørsla frå England,
Oxfordrørsla; ho fengjer frå land til land. Mange gjev
seg yver til Gud og vert hans bodberarar; dei set seg til
mål at Kristus skal råda og styra alt vårt liv, selskapsliv
og samfundsliv og ungdomsliv. Dei vil på den måten
få ende på det vonde i verdi. Ja det er målet som den
himmelske kongen hev sett seg.

Vil du vera med? Å ta sin Gud i sinn og set ja livet
inn, — det er liv det!

Kvart nytt konfirmant-kull skulde vera som eit
nytt kompani i den fylkingen som møter viljugt fram
i Herrens strid mot alt det vonde. Ja Gud gjeve det!
Som doggdropar, uteljande i mengd, friske og unge, til
velsigning for alt liv! Amen.

Syng nr. 324, serleg vers 4; ein av konfirmantane
mine song det verset straks fyrr ho døydde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free