- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
81

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Kyrkjehuset — Herrens hus.
Salme 84.

Syng nr. 581.

«Mi sjel lengtar, ja naud-stundar etter Herrens
fyre-gardar. Hjarta ropar av fagnad til den levande Gud.»

Er du glad i å koma til kyrkje?

Eg veit ein gut som gledde seg umåteleg.

Ja eg kjenner mange smågutar og smågjenter som
tykkjer det er fest når dei fær fylgja far og mor til kyrkje.
Eg minnest eg var sjølv glad kvar gong eg fekk lov å
vera med. Eg skyna ikkje stort av preikene. Men eg
song med i salmane; og eg lærde snart å syngja med i
kyrkjesvari: «Gud vere lova for sin glade bodskap,»
som vi song kvar jol og påske og kvitsunhelg; no syng
vi det kvar sundag. «Og med di ånd,» som folket svara
når presten helsa «Herren vere med dykk». Og «Amen».
Eg skyna ikkje kva Amen tyder. Seinare fekk eg veta
det er jødemål, og på jødemål er det same ordet som
vårt «tru»; «amen tyder: det lean du lita på! Du veit
Luther i katekisma set det um tvo vender: etter Trui
«det er alt saman visst og sant»; etter Fadervår «ja,
ja, det slcal verta so!» Grunntydingi er: det kan du lita
på; etter bønene våre: du kan lita på at Gud hev
bøn-høyrt deg; etter Trui: du kan hugheilt byggja på det
gom Gud hev gjort; det er ein trygg grunnvoll Gud hev

6 — Anker: Bibelen for barn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free