- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
67

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67

Jesus var so glad i 5. Mosebok. Alle dei tri ordi
han nytta til å svara freistaren i øydemarki, dei er alle
henta fra 5. Mosebok. Det store bodordet i lovi som
Jesus nemner gong på gong, det stend i 5. Mosebok:
Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta, av
all din hug, av all di makt.

Det er 1. bodordet, ikkje sant? slik som Luther hev
uttydt det i katekisma: vi skal ottast og elska Gud
yver alle ting, og setja all vår lit einaste til han. Du
skynar at 5. Mosebok hev djupare syn på Gud enn
lovi på Sinai. Det lyder so hardt frå Sinai: du skal
ikkje ha andre gudar! Det lyder so hjartevarmt: du
skal elska Herren din Gud. Skynar du at her vert
det burtteke noko av sløret frå Herrens andlet, so dei

mildare andletsdragi hans ter frem?

*



Josia lyste ut ei stemna med alle Juda-mennene.
Han las upp åt dei det som stod i boki. Han steig fram
og gjorde lovnad: at han vilde fylgja Herren og halda
bodi og lovene hans av alt sitt hjarta. Og han heldt
det han lova. «Maken til konge hadde ikkje vore i
Israel, stend det: det var ingen som soleis hadde vendt
seg til Herren av alt sitt hjarta. Og maken hans kom
aldri meir», stend det.

Josia gav kongsbod til heile folket: Haldt påske
for Herren dykkar Gud etter fyreskriftene i denne
pakt-boki. Sovori påskehelg hadde ikkje vore haldi sidan
profeten Samuels dagar. Josia gav tretti tusen
påskelam til folket, so dei i alle heimane kunde ha kvar sitt
påskelam.

Ofringane og tempeltenesta i det heile sette han i
fast skikk, so all tenesta gjekk etter ritualet. Josia
er den andre reformatoren, Samuel var den fyrste refor-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free