- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
46

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

net sitt på den salmeboki han gav ut, endå dei fleste
salmane er av andre. Ja endå til den «reviderte» ber
Landstads namn; og den æra er Landstad vel verd!
Sameleis David: han sette heile salmeverket i gang;

difor heiter han «Israels ljos og ljuvlege songar».

*



Seinare hende mangt i Davids liv som ikkje er gildt
å minnast. Det synte seg: menneskja hev ikkje godt
av å få makt og rikdom. Serleg sårt er det å koma i hug
kor David fekk drepa Uria og tok kona hans! det var
so grov ei ugjerning, at ho måtte få syrgjelege fylgjer
for David: folket fekk mindre vyrdnad for han, og
sønene hans miste agen for far sin. Soleis heng det
i hop med Absalons uppreist.

Like vel skal vi ikkje gløyma at David audmykte
seg for Gud og menneske. Den 51. salmen er Davids
syndevedkjenning. Han bed: Gud, skap i meg eit reint
hjarta. I 32. salmen fortel han kor han hadde det jyrr
han audmykte seg: dag og nott låg tyngsla på meg,
segjer han. Men då eg fekk opna meg for Gud, då tok
han burt mi syndeskuld. Difor skal alle be til Gud,
segjer han, og leggja alt ope for hans dom. Det er vegen
til gleda i Guds frelsa.

Ja vi kristne er glade i mange av Davids-salmane:
dei tonar av jubel frå mange frelste syndarar. Eg
nemner til sist i dag den 23. salmen; er han ikkje dikta
av David sjølv, so kan vi trygt segja det er Davids
livsrøynsla som der finn ord: Herren er min hyrding!
eg vantar ingen ting! han fører meg på grøne beite og
til silrande bekker! jamvel i tyngste trengsla, i myrkaste
motgang, i daudeskuggens dal — er eg ikkje redd! for
du er meg! Amen.

Syng nr. 418 i «Nynorsk salmebok» 1. verset.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free