- Project Runeberg -  Barndomsminne /
104

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Heimkomi frå mi vitjing hjå min fyrste
"levende dikter" kasta eg meg på den vesle
barne-sofaen min og gret som eg var piska.

Denne sofaen var som ein li vandes ven, og
det kjæraste eg åtte. Det var eit lite kunstverk
utskore i tjukk mahogni — ein arv etter systerne
mine. Dei sa han var gjort av ein tukthus-fange.
Og han var liksom mitt private hus; i den budde
eg for meg sjølv og kraup upp når eg syntest eg
var åleine i verdi. Og det syntest eg no. Spaningi
løyste seg ut i ein gråt som aldri vilde ende. At
Martha og Sofie kunde vera so glad i denne digre
mannen og kalle han "Vår far". Var alle diktarar
slike, so var eg glad at mest alle diktarar var dø.
Aa nei, dei var nok ikkje slike alle. Han som
hadde skreve Donna Clara vilde nok ha skyna
meg. Og sagt han var glad i meg og. Men no
var ingen glad i meg, ikkje gud eingong.

Naar slike gråterider kom yvi meg, vart mor
redd. Og ho trøysta meg so godt ho kunde og
skyna slet ikkje kvifor eg gret. Hadde Asbjørnsen
vore leid med meg? Nei men — og eg berre gret
endå meir. Visste ikkje sjølv so plent kva eg gret
for; mange vonde minne stakk hovude upp av
gløymsle-brunnen. Noko stort og uskynelegt
vilde tyne meg. Eg gret liksom "for alle ting."

Den einsemd-kjensla eg alt dengongen so
ofte låg under for, var det visst mykje som sei-

104

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free