- Project Runeberg -  Barndomsminne /
84

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men "lina" var ogso gangandes, og endeleg
fekk eg freiste det.

Ei snild gjente frå Romedal, Berte Skansen,
skulde gå heim, og eg fekk fylgje henne. Enno
hadde eg ikkje vore lenger enn til Vang på den
kanten, og Romedal var mest som "utlande",
og eg var i vill spaning etter å sjå koss alting
var der. Og ein sundag labba me i veg.

Um det var ulovleg å gå på lina, veit eg
ikkje. Men ho vart bruka både av folk og fe.

Toge var berre for "gods og rikingar", sa
Berte. Og ho tok meg trufast i handi og førde
meg ut på den nye fine vegen. Men redd var
eg lenge. Tenk um me møtte eit av desse
eld-sprutande trolli som dura upp og ned tvo
gonger for dagen!

Som væl var gjekk det sundagane berre eit
tog kvar veg.

Og det gjekk smått og pent, sa Berte, og peip
og stogga når det var nokon på lina. Ungar og
dyr kunde vera so dumme, at dei gav seg til å
stå som steingjengne midt på lina og berre glåmde.

I ein forfælande sno tråva me upp gjenom
Vang langs etter Akersvika; eg fekk ein vond
hovudverk og tykte tilsist at denne vegen måtte
vera endelaus.

Men so tok Berte halsplagge sitt og knytte
"skalleband" fast kring hovude mitt, og det

84

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free