- Project Runeberg -  Barndomsminne /
49

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg fast. Eg song dei slik det var for eit godt
ord, ei kringle eller ei kolerakake når nokon
bad meg.

Av onkel Stokke hadde eg lært "Hvor såre
lidet der skal dertil for lykkelig at være"1, alle
versi, og mor song nokre småsongar av Erik
Bøgh, som eg lærde meg. Etter kvart lærde eg
ogso songane av "Abekatten" og "En søndag på
Amager". Alt som fint og morosamt var hadde dei
frå Kjøpenhamn, der både far og onkel Stokke
ofte var. Og tilsist sveiv det for meg, at når eg
vart stor, vilde eg nok ikkje stogge i Christiania;
Kjøpenhamn var nok endå gildare. Ja, det
gil-daste i verdi.

Av norske visor lærde eg berre "Budeiens vise"
av Hanna Winsnes. Men den lærde eg i fjøse
på gardane. "Sørj itte kua mi for vinterens dage,
Vårherre han sender nok våren tilbage", desse
ordi høyrde eg so ofte, at det vart som ei strofe
av sjølve Fadervår. Men dei "kondisjonerte" song
dansk.

Det var ogso danske skodespelarar eg fekk
sjå på Jønsrudsalen.

Elles hadde Jønsrud brennevinshandel
nedunder.

Dei var so svære til å laga vers um al ting på
Hamar, og Jønsrud fekk sitt.

’ Jen» Zetlitz.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free