- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
58

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 20

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

ein er sett på i livet, utan løyve frå herføraren,
det vil segja: frå gud. — Den vise Solon segjer
nok i eit fyndord at han ynskjer at venene ikkje
må lata vera å klynka og klaga yver dauden hans;
han vil at dei skal visa honom kjærleik, skynar
me. Men eg må segja eg tykkjer at Ennius hev
råka det betre:

Ingen meg heidre med tåror! Med gråt må ingen mi
jordferd

halda! For enn hev eg liv, flyg ifrå munn og til
munn.

Med dette meiner han at der ikkje er nokon
grunn til å syrgja yver dauden; for dauden ber
udøyeleg frægd med seg.

No kann nok kanskje mennesket kjenna ein viss
verk ved sjølve dauden; men den verken er stutt-
varug, serleg for gamle folk då. Og etter dauden
bid der anten ingi kjenning, eller so er der sovorne
kjenningar som ein beintfram bør ynskja seg. Men
korleis det no er eller ikkje er med dette, so bør
me alt frå ungdomen av hava øvt oss i å sjå på
dauden med likesæle; for hev me ikkje øvt oss i
det, kann me aldri leva med ro i hugen. For det
er no eingong sikkert det, at me må døy, — gjerne
i dag for det me veit. Og korleis kann det menne-
sket hava ro i hugen, som gjeng og ber på otte for
dauden, — dauden som kann slå ned i kvar time?

Men eg trur ikkje det trengst nokor lang ut-
greiding her um likesæla for dauden. Eg vil berre
minna um at ikkje berre einskildmenn som Lucius
Brutus, som fann dauden under kampen for fedre-
landet sin fridom, eller som dei tvo Decius-karane,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free