- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
49

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49

dette fekk dei som henta dei, namnet «landbod».
Trur de alderdomen var stussleg for desse karane

som fegnast ved jordarbeidet? Eg for min part

tykkjer at dette må vera den lukkelegaste alder-
dom som tenkjast kann, — då ikkje berre fordi
ein gjer vel mot manne-ætti når ein dyrkar jordi,
men ogso for den gleda eg alt hev nemnt, og for
den rikdom og nøgd på alt det som trengst til livs-
uppheldet, — ja, til å leva i drust og dramb og.
Dette siste legg eg til, so mykje me no tilsist kann
forsona oss med njotingi; der er alltid sume som
ikkje kann vera slikt forutan. Ein dugande og
trottug husbond hev alltid ein velfyllt vin- og olje-
kjellar og eit raust stabbur. Heile garden hans er
rikt utbudd med alle ting; der er nøgdi griser, gei-
ter, høns, mjølk, ost og honning. Og tenk so på
hagen som bonden kallar den «andre fleskeskinka».
Veiding og fuglefanging og anna slikt linkestund-
arbeid skaffar bordet endå fleire godsmakande
retter. Og so hev me grøne engjar, aldetre som stend
i lange rekkjor, vinhagar og olivmarker med all
deira fagerdom. Eg skal slutta med desse få ordi:
Der finst ikkje noko som er so lønsamt eller so
gildt å skoda som ein veldyrka gard; og alder-
domen meinkar oss slett ikkje i å njota sovorne
gledor; — tvertum lokkar og stører han oss til det.
For ingenstad kann gamlingen verma seg betre i
soli eller hava det unelegare ved åren, eller svala
seg betre i skuggen og ved laug enn ute på landet.
Lat berre ungdomen hava våpni sine, hestane,
spjoti, klubbone, ballane, — lat han symja og
springa! Lat han berre unna oss gamlingane tav-

4 — Cicero: Um alderdomen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free