- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
41

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

41

lokkande ved dei — (Platon finn eit makelaust
namn på dei: «Dei er vondskaps agn,» segjer han,
«dei tauvrar menneski burt åt seg som fiskar>),
so kann dei gamle hugga seg i små lag, når dei
ikkje kann vera med i bråkande gilde.

Då eg var liten, hende det ofte at eg såg Caius
Duellius, den fyrste romaren som slo punarane til
sjøs, når han vende heim frå gjestebod på sine
gamle dagar. Då hadde han alltid eit fylgje av
kyndelberarar og fløytespelarar, ein sers heider
som han tok seg på eigi hand. Slikt kann den taka
seg lov til, som frægd hev vunne.

Men lat meg ikkje tala um andre. Eg vender til-
bake til meg sjølv. Fyrst vil eg då nemna at eg
alltid hev havt klubb-vener; klubbar var noko dei
byrja med i det året eg var kvestor, etter den
store gudemori frå Idafjellet var innførd i Rom.
Eg heldt altso på den tid ofte gilde i lag med ve-
nene mine, men det gjekk alltid skipeleg for seg;
litt heite kunde me nok vera, — slikt fyl då med
yngre folk. Fyrst når ein kjem lenger upp i åri,
stilnar og dovnar allting av for kvar dag som
gjeng; men i det heile gjekk alt stilt og fint
for seg i desse lagi våre. Det eg sette pris på ved
gildi, var ikkje so mykje sansenjotingane som sam-
været og samrøda med venene mine. Federne våre

«Den store gudemori» var Cybele. Ho høyrde heime
på Idafjellet i Fram-Asia; år 204 byrja dei dyrka henne
i Rom. Til æra for henne skipa menn av det romerske
aristokratiet klubbar, som seinare fekk mykje å segja i
politikken.

EE AEE

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free