- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
22

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4 - 5

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

«for hadde ikkje du tapt byen, so hadde aldri eg
vunne han att.» Og han var like fræg i fred som
i krig. Då han sat konsul andre gongen, arbeidde
han av alle krefter mot ålmugetribunen Caius
Flamininus, medan embetsbroren heldt seg utan-
um striden. Flamininus vilde på tvert av senatet
byta ut jordi i pikenar-land og Gallia millom bor-
garane; og endå han var augur, hadde han mod
til å segja at det ein gjorde til beste for staten,
det skjedde i samhøve med dei beste varsli, men
kom ein med lovframlegg som var til skade for
staten, so gjorde ein det beint imot varsli 1
Mange gode eigenskapar hev eg funne hjå denne
mannen; men ingenting var meir å ovundra enn
den måten han tok sone-tapet på; denne son hans
var ein gjæv mann, som hadde sete konsul. Me
hev enno den liktalen faren heldt yver son sin;
og når me les den, må me ikkje då vanvyrda alle
filosofar? Men han var ikkje berre stor ute og
fyre augo på medborgarane sine; innandørs og i
heimen var han endå hævare. Å nei for nokre
åndfulle rødor han heldt! So mykje han hadde
å læra oss! Kor vel han var inne i gamletids-
soga og i augurretten! Han hadde og lese mykje,
til romar å vera. Han hugsa alle krigar både i
inn- og utland. Eg høyrde alltid vel etter når han
tala: det var som det sveiv meg alt då at når han
var slokna, vilde det ikkje vera nokon som eg
kunde læra av; og slik gjekk det ogso.

5. Kvifor segjer eg no alt dette um Maximus?
— Jau, fordi de etter dette visseleg kann sjå kor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free