- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
18

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18

innpå ein forare enn ein varest, segjer dei. No, —
lat meg fyrst få spyrja kven det er som hev nøydt
dette rangsynet innpå dei. Snikjer alderdomen
seg forare innpå manndomen enn mandomen innpå
ungdomen? Og framleides, vilde alderdomen smaka
dei minder beisk um dei vart 800 år enn når dei
herre vert 807 — Å mei, der finst ikkje snoker
trøyst som kann roa den styvne gamlingen, når
fyrst den fyrre livsbolken er liden, same kor lang
den hev vore.

Dersom de finn nokon visdom hjå meg og ser
upp til han (det var å ynskja at han fortente oV-
undringi dykkar og var verd det tilnamnet han
hev gjeve meg!), so er det på den måten eg er
vis at eg ser på naturi som på ein guddom, fyl
henne som ein hæv førar og rettar meg etter vil-
jen hennar. Når ho hev skipa so vel med dei andre
livsbolkane, er det lite rimeleg at ho vil slurva frå
seg siste akti, slik som slurvne skodespeldiktarar
gjer. Det er no eingong so at noko må vera det
siste. Eingong må alt levande folna og falla, slik
som bæri på busken og grøda på marki gjer når
mogningstidi er komi. Dette må den vise bera med
spaklynde. For elles er han ikkje betre enn gigan-
tane som stridde mot gudane; for når ein knaurar
yver alderdomen, kva anna gjer ein då enn strider
mot naturi?

Lælius: Det gildaste du kunde gjera oss, — det
torer eg lova for Scipio og —, var um du vilde
gjeva oss sovorne rettleidingar som kann hjelpa
oss til å bera livsens byrder (som aukar med åri.
Me både vonar og ynskjer å verta gamle.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free