- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
9

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ut det som han tykte han hadde mest bruk for.
Soleis vart han eklektikar, d. e. utvalsfilosof. I
den skrifti som her er umsett, vil ein sjå at Cicero
ikkje held seg til same skulen heile tidi; han låner
frå pytagorearane, frå stoikarane, frå Platon; men
til andre tider tek han avstand frå desse same
skulane.

Der var ei leid ulempe for romaren når han
vilde gjera seg kjend med den greske tenkjingi.
Han laut taka mot dei framande tankane i framand
målbunad. Der var enno ikkje skapt nokon
filosofisk bokheim på latin, og målet dugde enno
ikkje til å bera fram abstrakt tenkjing.

Her er det Cicero fær ei stor uppgåve. Han
skaper ein filosofisk terminologi so fullgod at all
seinare filosofi på latin held seg til den; og når han
fyrst hev denne reidskapen, gjev han seg til å
arbeida um den greske tankeheimen og føra han
heim til Rom.

Marcus Tullius Cicero var son til ein romersk
riddar i Arpinum i Latium. Han kom til verdi år
106 f. Kr. Faren sytte for ei god uppseding for
sonen. Soleis fekk Marcus alt i yngdi høyra dei
mest namnfræge filosofane i samtidi. Men det som
drog honom mest fyrebils, var ikkje filosofien, —
det var talekunsti. Her vart han snart meisteren
yver alle. Talaryrket som var knytt saman med
sakførarverksemd, førde honom ogso inn i
statslivet, der han kom til å spela ei viktug rolle fram
gjenom borgarkrigstidi. Cicero vart med kvart
standande i folkemedvitet som symbolet på den gamle
fridomen, og han var med og varde han mot

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 5 23:28:24 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free