- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
178

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

178

i folkekarakteren? So mykje meir trengst det at norske
kristne lyser og vermer.

Blix-salmane hjelper oss til gleda i kristendomen.
Blix-salmane vil syngja livs-varmen inn i ungdomen vår.
Blix vert aldri trøytt av å kveda um Guds underfulle
kjærleik, kjærleiken som trur og vonar alt, den største
ånds-makti i verdi.

*



Eg hev sjølv lide vondt under dømesykje og forkjetring.

Og eg hev funne at kristendoms-forkynningi tidt er
ukristeleg og ubibelsk.

Ein dogmatisk prest la imot meg ein gong eg hadde
tala. Eg hadde sagt: det ligg ein lengt etter Gud djupt i
mannanaturi. «Det finst ikkje minste grand av lengt etter
Gud hjå det naturlege menneske,» sa presten, «tvert um!
det naturlege mennesket hatar Gud.» Fleire sukka då
yver meg: tenk at Anker var slik rang-lærar! Eg var ung
den gong.

Ein annan prest av same sorten la imot, då ein
barneven sa det gjeld å få tak i det gode i barne-naturi: «Etter
vår lutherske lære fins det ingen ting som er godt i
barne-naturi !»

Visst trongst det å lufta ut.

Det var striden um «guds-biletet» som tok seg uppatt.

Eg peika på at det finst mykje ljos i heidne religionar.
Det er ljos-punktane misjonærane må bruka og knyta
kristendomen til. Den nyare misjons-praksis skynar det.

Men endå meir trongst det å lysa krig mot den fårlege
rangsyni som g jer synde-vegen til den rette
umvendings-vegen. Tidt høyrer me kristne menneske segja: når ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free