- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
155

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Biskop Wexelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

155

guten. «Da får du ikke eksamen». «Ja då lyt det vera
det same med heile eksamen,» svara guten. Han hadde
butt seg i lengre tid. Han hadde betala eksamens-gebyr.
Men han var staut nok til ikkje å bøyg ja seg.

Han pakka, og vilde fara heim. Men fyrst gjekk han
upp til Johs. Lavik i «Bergens Tidende» og fortalde alt.
Lavik fekk «stjorni» i Vestmannalaget til å telegrafera
til departementet. Svaret lydde: gutten må skrive på
riksmål. Dei telegrafera på nytt og viste til
Stortingsvedtak frå 1885 som gav båe mål full rett. Svar: «Da
reglement for middelskole-eksamen ikke er utferdiget
med landsmål for øie, må alle skrive eksamensstilen på
riksmål.» Dei telegrafera tridje gong, kravde svar frå
Wexelsen sjølv. Dd kom løyve til å skriva landsmål.
Johs. Lavik, som var filolog, kom med i sensuren. Guten
fekk beste karakter for sin nynorske stil.

Den staute guten er verd å nemnast. Han heitte Lothe,
vart seinare stortingsmann.

*



Ei morosam soga til vil eg fortelja. Presten Gabriel
Winsnæs hev sjølv fortalt henne til meg.

Han vart residerande kapellan i Stange, og skulde
taka yver ein ynkeleg medfaren kapellangard. Han tok
upp lån til å dyrka garden. Men fjøset var til nedfalls.
Han skreiv til departementet um lov til å byggja nytt.
Svaret var nei. Han reiste inn til Oslo og snakka med
byråsjef Michelsen; han la dauv-øyra til: «De får klare
Dem som Deres formenn har gjort!»

Då gjekk Winsnæs til stortingsmennene Chr. Knudsen
og H. N. Hauge: «Hør nå, gutter! nå må dere hjelpe meg,
ellers er jeg en ruinert mann!»

«Så labbet de med meg upp til Wexelsen. Der sat ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free