- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
129

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

129

Ei ungdoms-stemna i Engerdalen må eg fortelja um.

Eg kom um bord på Femund-båten midveges på
Femund-sjøen. Det var mange stemne-folk um bord.

Mange var fulle, jamvel kapteinen, som elles hadde
gjeve roren til ein annan. Dei dansa på dekket. Men so
kviskra einkvan: det er ein prest. Dermed stogga dansen.
Kapteinen kom sjanglande burt-åt meg: har presten noe
imot at vi danser? Nei tvert um! svara eg, dans av alle
krefter, so de kan dansa ruset av dokk! Likevel gjekk det
ikkje; g jentene drog seg undan.

Ein kar kom i prat med meg. Upp or frakkelumma
hans stakk ei flaska, sprit 96 %! «Er du galen? drikk du
slikt? det kan då drepa ein stut! no kan du gje meg resten!»
«Å vi’ du med den da ?» «Eg vil hiva heile flaska yver bord,»
svara eg, «kan henda spriten drep noko fisk, men det fær
våga seg!» «Nei da får du a itte!» Men då me hadde prata
eit bel, flidde han meg flaska: ta a da! men je gir dæ itte
lov te kasta ut!» Eg hivde flaska yver bord.

Men då vart det uppstyr. Fulle og halvfulle karar
stima ikring meg. «De e de ugudlegaste je ha set!» sa ein.
«Og du vi vera ein lærd mann!» sa ein annan. «Hadde du
itte betalt flaska?» sa ein tridje til eigaren. Dei var so
upp-øste at det snart kunde spøkt for meg. Men eg tok
det med ro. Og uveret drog yver.

Um eit bel kom eigaren av flaska og spurde meg:
«Å gjev du meg att for flaska?» «Eg skal spandera
kveldsmat på deg på hotellet i kveld!» Då ljosna han: «De e
bra,» sa han. Og me vart vel forlikte.

Denne soga gjorde godt for heile stemna, sa
sokneprest Puntervold.

Han var pott og panna, ordførar i Engerdal herad,
formann i ungdomslaget og styrar av heile stemna.

Ved idrotts-kappleiken sette han fram ein kubbe med

9 — Anker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free