- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
98

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

98

og hjartelag hjå den høg-reiste menneskelege og barnlege
biskop Skår.

Vel-kjent er svaret han gav ein stiftskapellan på
spursmålet um det var usømelegt for ein prest å gå på
jakt? «Det er unektelig mere apostolisk å fiske.» Av
stiftskapellanen sjølv fekk eg høyra meir. «Forresten,
det kunde jo tenkes at Peter og Jakob og Johannes har
skutt villender på Genesaret! men vet De hvorfor de ikke
gjorde det? for kruttet var ikke opfunnet!» Både spursmål
og svar var berre spøk.

Kjent er det ogso at Skår studde målsaki når han fekk
høve til det. Hans votum lydde: «Jeg elsker alt som er

ekte norsk, fra modermålet osv.»



I Nord-Varanger var stortingsmann Saba klokkar.
Han greidde klokkar-bøni på ny-norsk heilt korrekt.
Ein raud-øygd gamal finn i lang blå kjole var medhjelpar
og klædde på meg for altaret.

Saba vart tingmann på programmet «Finnmark for

finnane!» Det kan lett gå troll i ordi.

#

Soknepresten i Sud-Varanger tala samisk på småmøte.
Men når finn-lappane bad han preika på deira mål i kyrkja,
svara han: tør ikke for kvænene! Kvænane er mykje
meir kravfulle enn lappane. Ein kvæn kom inn til presten.
«Skynar du ikkje norsk?» sa presten. «Jau, men presten er
plikta til å kunna kvænsk!



I Sud-Varanger høyrde eg dokterfrua hadde sauma ei
fana åt arbeidarane med innskrift: ned med tronen,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free