- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
82

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

Ein høgremann klaga til meg i 1903 at folkehøgskulane
ol upp vinstre-folk. I 1906 kom den same høgremannen
og var med på fest på folkehøgskulen av fullt hjarta.

Min eigen far sa til meg i 1905: «Jeg må innrømme at
venstre har sett klarere i unions-spørsmålet.»

Men det var ikkje alle som var so ærlege. Nyårsdag
1906 helsa ein gamal høgremann: «Godt nyttår! det var
et underlig år i fjor. Men jeg har tenkt på at hadde
situasjonen vært den samme i 1880, så vilde statsminister
Selmer gjort det samme som Michelsen!!»

Jau folkehøgskulane kan godt vedkjennast noko av
skuldi for 7. juni 1905.

#

Voss folkehøgskule hadde 1 o-årsfest i 1905. Ved
festen på Seim fekk Lars Eskeland den helsingi: «No
skal notti vika frå Noreg. Ny skal nørast
nordmanna-hugen. Finnast skal frendar um nokosinne, fylgjast frå
nittan hundrad og fem.» Det ljoma i salen då heile lyden
med elev-flokken hyllte Eskeland: «Heil deg, husbond

i ungdoms-heimen! hugstor hovding helsar me deg!»

#

Kva det vart av dei store ungdoms-flokkane som gjekk
ut i livet frå Eskelands skule?

Sume hev vorte lands-kjende. Men flesteparten
vart «berre» trugne arbeids-folk der heime. Eg kunde
nemna mange døme: dei for heimatt, tok på med
jord-dyrking, med krøter-stell, med handverk, med
vegarbeid.

Eitt døme vil eg nemna. Eg råka far til ein av elevane.
«Eg var redd då gjenta mi kom heimatt frå skulen,» sa han;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free