- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
74

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

Karl Poulsen var «valgmenigheds-prest» i Ryslinge,
i same kyrkja som Vilh. Birkedal hadde reist, den fyrste
«valgmenighed» i Danmark. Eg var i kyrkja der ein
sundag. Då det var barnedåp, reis heile kyrkjelyden upp,
og snudde seg mot døypefonten, ein fekk kjensla av det
var ein kyrkjelyd som tok imot det vesle barnet! etterpå
song dei ståande salmeverset «Guds ord det er vort
arvegods, det skal vort afkoms være».

*



Vallekilde høgskule i Odsherred (Nordvest-Sjælland),
grunnlagd av Ernst Trier, bar framleides djupe merke
av hans ånd.

Dotter hans, fru Sigrid Hansen, førde oss inn i
foredragssalen um kvelden med same me kom. Ho skruva
på ljoset, og synte oss det store vegg-biletet attum
talarstolen: Ansgar kristnar det fyrste danske barnet! mori
held barnet yver dåpen, ei vass-perla blenkjer i håret
hennar, ho er nyss døypt sjølv! ein gamal mann stend og
skodar, tvi lande og undrande! ein liten gut dreg han i
armen, vil få han med burt til Ansgar. Dette biletet hev
elevane å sjå på i kvar einaste foredrags-time. Det vert
som ein bivrande under-streng i alt dei fær høyra frå
talarstolen.

I gymnastikk-salen hekk eit anna målarstykke: Tor
bind Fenris-ulven, Tyr legg armen sin i ulve-gapet til
pant! Det skal minna ungdomen um at den som vil
vinna yver dei vonde maktene, må vera viljug til å ofra
noko, tukta kroppen til å lyda åndi. Gymnastikken skal
verta kropps-kultur med det målet for auga.

I matsalen nedunder foredrags-salen var upphengt i
glas og råma gruppe-bilete av alle elev-kuli som hadde
gjenge der på skulen. Det var i sneise-vis. Når dei 200

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free