- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
60

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6o

Ei snild frua, som tok vel imot meg, spurde meg for
fullt ålvor: er det dette målet med røykepinn og rapa-

vatn presten preker på? Nei, svara eg, det er det ikkje!

#

Det tek tid for eit folk å kjenna seg att i
skriftmålet sitt.

Peter Hognestad nytta ein gong eit råkande bilete:
«Tenk deg ein mann som aldri hev set ein spegel! han
hev då aldri set sitt eige andlet. Held du ein spegel fram
for han: her skal du sjå koss du ser ut! so vil han svara:
det kan ikkje vera meg dette! det er eit vill-framandt
andlet. Men syn han so alle kjennemerke, so vil han til
sist sanna: jau det må vel vera meg dette lel.» Soleis

gjeng det jamt når eit folk skal læra å lesa sitt eige mål.

#

I 1904 hadde eg min fyrste «turné» i Sunnfjord og
Nordfjord tvo heile månader dag etter dag. Eg fekk bod
frå ungdomslagi og mållagi, dei slo seg i hop um å kosta
den lange ferdi, der eg vitja kvar einaste kyrkja og heldt
foredrag i kvart einaste ungdomslag.

I 1905 tok eg sameleis Sørlandet, i 1906 Trøndelag,
i 1907 heile Nordland og Finnmark.

I 1905 fekk eg kalls-brev frå formannen i Aust-Agder
ungdomsfylking, Jørgen Midtun i Øyestad. Det
kallsbrevet hev eg gøymt på, skrive likt eit kongelegt dokument.
Det endar so: di kallar me hermed presten B. Th. Anker
til prest for ungdomen i Agder, og ynskjer Guds rike
velsigning til yrket. Eg vilde heller heita ungdomsprest

enn målprest; det hadde Midtun høyrt gjete.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free