- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
19

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19

godt einast, at «ålvor og gaman høver godt saman».
Nett dei fyrste ungdoms-åri etter konfirmasjonen gjeld
det å verna um.

*



Ved bispevisitas i 1898 møtte konfirmantane mine
frå dei siste tvo åri mannjamt fram.

Biskop Heuch vart reint uppglødd då den store
ungdomsflokken reiste seg for han. Og han var glad for svari
han fekk på kyrkjegolvet. Sameleis var han vel nøgd med
dei 4 lærarane som song og samtala med skuleborni.
Einaste misljoden var då han braut av ein lærar som
song verset «Og Noreg det ligg vel langt i nord». Heuch
skyna ikkje at det var eit salmevers.

I ei tala sa biskopen: «Denne menighet har i år et
ganske annet fysiognomi enn da jeg sist var her.» Han
var min gode ven og meinte det godt. Men telene totte
det var ikkje fint å gjera samanlikning soleis.

På visitasmøtet vart det eit lite ordskifte um
ungdoms-lagi. Det vart sagt at dei kristelege ungdomslagi hadde
ikkje rett til å kalla dei frilynde lagi ukristelege. På hi
sida kom ein from mann til bispen med kritikk yver
saman-blandingi av gudlegt og verdslegt i dei kristelege
ungdomslagi. Då svara bispen: «Dere gamle kristne må støtte det
kristelige ungdoms-arbeidet! ellers kommer
«Sjavsty-ringen» og tar hele ungdommen!» Mannen bisna på at
Heuch hadde greia på det handskrivne bladet.

Då biskop og prost kom til prestegarden, tok prosten
meg til sides: «Kjære dig, hvis biskopen kommer inn på
avholdssaken, så ikke svar ham et ord! han er så gild ellers,
men der er han umulig.»

På tvo av prestegardane var heime-brygget vorte surt.
Biskopen sa då: «Dere avholdsfolk er noen rare mennesker!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free