- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
14

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

dukar me nattverdbordet kvar messedag so sant nokon
vil gå til Guds bord. På heimvegen dryfte dei dette:
det var då undarlegt at presten lyste altarmesse midt på
vetteren! han må ha saumfare kommunikant-listene frå
i haust og set at sume ikkje hev gjenge! so kan dei no få

høve til å greia si gjeld fyrr våraltargongi tek til!



Ein mann vilde snakka med presten. «Koss kan det
hava seg at gut-ungen min ikkje fekk kross-teiknet då han
var til dåpen?» «Var han heimedøypt?» spurde eg. Ja.
«Det stend ikkje noko um krossteikn i ritualet for
stadfesting av heimedåp! Men eg skal gjerne koma heim til
deg og signa guten din med kross-merket.» Ja det var då
ei trøyst. Men i eit anna sovore tilfelle av heimedåp
hadde bestemor! snakka um at barnebarnet fekk berre
«halv kristendom». Og då bamet skulde i skule, meinte
ho at det barnet som berre hadde fenge halv kristendom

laut greia seg med halv skule ög!

#

Ein sundag eg skulde ha katekisasjon, var det berre
vaksne folk i kyrkja. Eg gjekk fram i kordøri: når her
ikkje er born til stades, lyt me få i stand ei samrøda med
dei vaksne. Og det gjekk bra. Eg spurde, og fekk svar.
Samrøda var forvitneleg. Ein framand prest som var i
kyrkja den dagen, spurde ein mann etterpå: kor dei lika
dette ? «Jau,» svara mannen, «me sille berre visst um det,
so me kunde ha lese yvi.»

#

Eg gløymer aldri ein god mann eg vitja. Han budde
til avsides og levde med seg sjølv. Ein sundag håtta han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free