- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
21

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21

målsak, fråhaldssak, fredssak, folkestyre, nasjonalt
sjølvstende.

Dei frilynde ungdoms-lagi vart skipa rundt i heile
landet, helst av elevar frå folkehøgskulane.

Dei kristelege ungdomslag, frå fyrst av
«ynglingeforeninger» etter tysk mynster (Jugend-Vereine), vart
til «ungdomsforeninger». Vi hadde frilyndte folk med
i det kristelege ungdoms-arbeid og. Smått um senn
gjekk det upp for den frilyndte ungdomen at slike folk
var ungdoms-vener heilt ut, med samkjensla i alle
ungdomens hugmål.

Men innanfor det kristelege ungdoms-arbeidet var
det «rivningar».

I 1897 gav Halfdan Møller ut ei songbok for den
kristne norske ungdomen. Han sette på titelbladet
nokre vers or «Haugtussa». Formannen i
ungdomsforbundet la imot; og dei andre i forbundsstyret heldt
med han; sameleis mesteparten av kristenfolket i landet.

Alle som freista koma ungdomen til møtes og stetta
ungdomskravet um vidsyn og frisyn, fekk kjenna
kritikken frå den kanten.

Kristen-folket i Noreg var upplært til å kløyva livet
i tvo: verdslegt og kristelegt. Eg veit ei mor som gav
den vaksne dotter si ein øyre-dask for di ho song
«Blandt alle lande i øst og vest»: Eg skal læra deg å
syngja slike slarve-viser!

Då eg i «Hyttebyen» i Kviteseid fekk i stand eit
ungdoms-lokale ope um kveldane for ungdomen, med
dam-spel og domino, illustrera blad, song og musikk,
sume tider med foredrag eller upplesing, alltid med
andakt til slutt, — ja då stod mine eldre kristne vener
utanfor og titta inn, og riste på hovudet; min ettermann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free