- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
51

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

51

kjende frå Paris. Men kritikken anka yver at presten
tok imot cin kristendomsfornektar. Jamvel
sokneprest Håkonsen viste meg tvo vers i 2dre
Johannesbrev som guddomlegt forbod mot å ta slike inn i sitt
hus. Inkje under at Lundes son Johan fekk
gate-gutane etter seg : ä din fær som tær imot ein
fri-tenkæ!

Lunde nytta gjestevenskapen til eit hjartelegt
vitnemål um Frelsaren. «Jeg må tale med Dem om
Jesus». «De var en p .j a 11 om De ikke gjorde det!»
-n Bjørnson. Då so Lunde la ut um kva Jesus var for
han og kva livet vilde vera u t a n Jesus, stod tårone
i augo på Bjørnson. «Tro mig! sa han, »blandt de
kristne har jeg mine beste vener; men jeg er nu
engang komen på en ånnen kant». Han gav Lunde sitt
fotografi, og skreiv under: med takk for en
morgenstund 8. februar 1888.

Det er ingen tvil um at det varme kristne miljø i
Lundes heim inspirera Bjørnsons foredrag i Risør.
Etter referat frå foredraget i Arendal, må han i Risør
ha tala djupare og finare. Bjørnson kom jamt i
kontakt med publikum. I Arendal nytta han ein lettare
tone. Sokneprest Asperheim i Froland skreiv i bladi
og anka yver at Bjørnsons foredrag vanta det rette
ä 1 v o r. Lunde svara. Det vart ein heil bladstrid.
Lunde nemnde at «en hos os velkjent gammel kristen
var så glad i foredraget at han vilde sende kona si til
Krager©, så hun også kunde få høre det». Ja det var
far min det. Eg trur alle som høyrde foredraget i
Risør var ålvorleg grepne av det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free