- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
38

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

I eit protestmøte av Lundes vener vart peika på «de
mænd fra en anden menighed som falskelig har
skrevet i Risör menigheds navn» !

Visst og sant var myk.je i Egelands stykke
små-legt pirk, laus-revne citat, som gav eit usant bilete
av Lunde. Det gjeng jamt slik i polemikk. Og
Ege-land sjølv bad seinare Lunde um tilgjeving.

Den nye soknepresten i Sunneled Håkonsen
gjorde myk.je til å jamna striden. Han var ung og sprek,
livleg og lettvinn, idrottsmann som Lunde. Og dei
tvo vart straks gode vener. Ved Håkonsens hjelp
kom Lunde på god fot med Anker og.*)

Håkonsen hadde vore prest i Amerika: og med
same han melde seg i kyrkjedepartementet, vart han
send til vikar-prest i Sunneled. Han tok’ folk mod
storm. Eg minnest fyrste preiki hans i
Frydendal-kyrkja, um den kloke hushaldaren. Han sa: her er
bare 2 slags mennesker, verdens börn og lysets børn :
til hvilke av de to hører du ? Han var ein praktisk
og folkeleg f’orkynnar, hadde eit framifrå klart organ
og eit greidt foredrag. 1 ungdomen hadde han teke
timar i lesing hjå skodespelar Isaachsen. (Syrgjelegt
at mange prestar vanvyrder lesingi!) T Amerika
hadde han øvt seg i talekunst. Dessutan hadde han i
Amerika fenge grei dognatikk og praktisk logikk, so

*) Anker, som i mange år jamt sat og notera frå talor
han høyrde, fekk skuldi for mange av dei citat Egeland
hadde nytta. Dei meinte han hadde i fleire år sanka i hop
ord som kunde nyttast ti) åtak på Lunde. Det var ikkji
rettferdigt. Anker skreiv upp berre til si uppbyggjing, til
studnad for minnet sitt, og slett ikkje det som var ille sagt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free