- Project Runeberg -  Martin Luther /
38

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 38 -

Aleander fekk smugla inn i ediktet noko um
presse-censur yver alt som var paven imot, fekk
gjeva ei falsk utgreiding av sjølve saki, og fekk ein
kurfyrst av Brandenburg til aa vitna at vedtaket var
gjort av alle dei tyske riksstandi. Det var ikkje
sant: riksdagen var slutt, dei fleste var heimfarne,
og ediktet vart upplese og underskrive i eit ser-møte
av keisaren og nokre katolske fyrstar, jamvel i eit
anna rom enn riksdags-halli. Fusk og fanteskap
fraa fyrst til sist. Presse-censuren vart eit brot paa
„handfestingi" dess meir. Ediktet kom soleis til aa
setja skil millom keisaren og det tyske folk.

Det vart i det store og heile berre ein daud bokstav.
Mange stader vart det ikkje kunngjort. Dei mange
smaa-riki i Tyskland var sjølvstyrde nok til aa gjera
kva dei vilde. Men paa andre sida meinka ediktet
Tyskland i aa gaa yver til protestantismen „officielt";
og Luther kom til aa staa utanfor samfundet baade
borgarleg og kyrkjeleg, utanfor lands lov og rett.

Kann henda like vel det var ein fyremun: det er
faarlegare aa ha bør og maks-vér enn aa sigla i
brot og brand.

Paa Wartburg fekk Luther roa seg. Han levde
løynd, let skjegget veksa, gjekk i riddar-bunad og
heitte „riddar Georg".

Folk fælte for han var drepen. Alle spurde med
otte: „Kvar er han? lever han?" Den namngjetne
maalaren Albrecht Dürer fraa Nürnberg skreiv i
dag-boki si: „Aa Gud! hev dei drepe Luther! han som
kunde ha tala so levande og skrive so mange herlege
bøker, um han enno hadde levt ti eller tjuge aar.
Hev dei drepe han, daa er han martyr for den
kristne sanningi, av di han hev refst det
antikristelege pavedømet og arbeidt for kristeleg fridom."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free