- Project Runeberg -  Martin Luther /
19

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 19 -

fylgjor av det han hev røynt — enn den enkle
store frigjeringi fraa angesten og rædsla og
samvits-domen. Men i den frigjeringi ligg heile det frie
barnekaaret med barnerett og barnefred og
heime-kjensla: sonen i huset kjem til aa taka arven i eiga,
og daa fylgjer frigjering av tanken og frigjering av
viljen, under andsvar for Far i himmelen, men utan
andsvar for nokon annan i himmel eller paa jord.

Det gjekk lang tid fyrr Luther kom i strid med
den katolske kyrkja. Det fall han ikkje inn med
ein tanke at han skulde brjota med kyrkja. Tvert
um: han er like god katolik, so vidt han veit sjølv.
Medan alle dei hine røyster med fyrebod um
reformasjonen ropa paa ytre umbøter straks, tek Luther
reformane innantil; fyrst frigjord i viljelivet, og so
gjeng frigjeringi smaatt um senn i større ringar
allstødt, til ho set heile verdi paa ende.

Enno lyt me sjaa Luther ferdast i dei gamle
gatone. Han kjem att-ende til Erfurt, der han driv
med aa fyrelesa av kyrkjefederne. Og dei upprit
me eig fraa desse aari (1509 og 1510) syner at han
i teologisk tenkjing enno fylgjer dei gamle fotefari.
Det er Augustin han arbeider med. Og det vart
som eit sjæle-laug for han aa koma fraa Aristoteles
til Augustin. Den religiøse styrken og varmen hjaa
Augustin vart ei velsigna motvegt ogso mot
nomi-nalist-teologien med sin kalde kritikk. Men i det
heile er teologien hjaa Luther enno ikkje frigjord.

Ein kloster-strid i Tyskland førde til at Luther i
1511 vart send til Rom. Fire vikor var han der.
Og det var eit stor-hende for ein katolik aa faa sjaa
den heilage byen.

Mange hev nemnt Luthers aatferd i Rom eit atter
fall til munke-strævet: han las og høyrde messor,
han trudde alt som vart fortalt av under og. teikn,
han sytte med at foreldri hans enno levde (han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free