- Project Runeberg -  Martin Luther /
15

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 15 -

av dei strengaste. Og naar det galdt aa vinna eit
ævelegt liv, daa vilde Martin Luther taka paa seg dei
tyngste byrder og ganga den trongaste vegen.

Det var elles ikkje so underlegt at faren mislika
det. Den gamle bergmannen kunde vera so
rett-truande katolik han vilde, han saag skuggesidone
ved munkelivet. I det heile hadde kritikken teke til
aa vakna hjaa nokon kvar. Spotten fraa humanistane
raama fyrst og fremst munkane, so prestane, so
bispane, og til slutt paven. Det var vandelaust aa
finna lyte aa lasta paa. Pavane var meir verdslege
hovdingar enn kyrkjelege, upptekne med aa vinna
rikdom aat skyldfolket sitt, njotings-menneskje,
van-truande, sedlause, likesæle med kristendomen. Som
husbond var, so fylgde sveinane: prestar og munkar
heldt paa aa verta aalment vanvyrde for faakunna,
sedløysa, havesykia, latskap og taapeskap. Saltet
hadde mist si kraft.

Men so fanst det daa sume som meinte det ærlegt.
Millom augustinar-munkane finn me ikkje so faae.
Dei levde eit aalvorlegt bots-liv og eit aalvorlegt
arbeidsliv; dei var iduge teologar, og tok seg av
baade preike-embættet og sjælesorgi. Dei var u reform
-munkar" som vilde reisa upp att eit heilstøypt
munkeliv, tiggar-munkar som ingen ting aatte, verkelege
asketar som gav seg under den strengaste tukt.

Og Luther vart streng mot seg sjølv, so jamvel
dei hine augustinar-munkane kalla han eit narr.
Fraa fyrst av fann mange av deim beint fram moro
av aa plaaga han med det simplaste arbeidet: aa
sjaa ein magister sopa munke romi, hogga ved,
vakta dørene og ganga med tiggar-posen i byen,
det var ein hugnad for dei hine. Og det var daa
ingen ting for ein som vilde selja alt for aa vinna
fram til Gud. Nei vondskapen inni han var mykje
verre. Han som aldri hadde levt noko syndeliv,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free