- Project Runeberg -  Forteljingar /
24

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24 VETLE VISLIE.

so strid, at dei laut gjeva seg til slut. Ho hadde
vona, at han skulde halda lag med far hennar og
bror sin, men just klengde han seg inn paa henne,
rødde og smeikte og var so blid at det var reint
ulkelegt . . . ein skulde mest tru, at ulida hadde
gjort seg tankar. Ho saag, at helder ikkje faren
likte det; men han sat berre og kaldflirde og gat
ingen ting. Han meinte vel, at ho var so vidt komi,
at ho kunde greia seg sjølv . . . Daa det leid paa
kvelden, gjekk han av og la seg, og broren vart og
vist til sengs.

Ho bad daa Knut, um ikkje ho og kunde faa
koma til ro, og vart daa av tenestgjenta synt av inn i
nystova. Men nett som ho hadde teke av seg skorne,
kom han etter, styvingen, og gav seg til erend at
han hadde gløymt aa henta tobak. Han sette seg
til aa spraata, kveikte den lange pipa si og baud
henne eit glas vin ... . So vilde han taka henne paa
fange . . . beint ut spurde henne, um ho ikkje hadde
hug til aa verta kona paa Nevatveit. Nei, det hadde
ho slett ikkje hug til, og vart so sinna, at ho tok paa
aa skjemma honom baade for det eine og det andre,
sleit seg ifraa honom og sprang paa døri .. ut paa
tune, og der gjekk ho paa hela i berre sokkeleisten.
Daa det hadde gjenge ei heil slota, kom han etter
henne og baud henne inn att .. ho fyre og han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free