- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
323

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

323
gang med mållag og ikkje mindre enn 22 lags
folk skreiv seg inn og «tok ved trua».
Men det laut gå heile 10 år innan vi i mø
teboka åt Trysil Knut finn eit referat på heil
norsk mål. Men det kan ikkje undre oss at vi
så lite møter heilnorsk mål i møteboka: ung
domen i Trysil vanta — og vantar den dag i
dag! — opplæring i noko anna enn det
dansknorske.
Men norsk vilje vanta ikkje. Tri år etter,
i det historiske 1905, heldt ordførar Bern. Holt
foredrag i Trysil Knut om målsaka, med tillyst
ordskifte. Og alle som her hadde orde var
samde om at norsken bør inn og dansken ut.
G. O. Nordgard,
fylkes/orm. 1907-09 og 1919-20.
På årsmøte året etter vart av styre gjort framlegg til nye lover for lage.
Dette nye lovframlegge vart redigert på nynorsk og fremste paragrafen fekk
dette innhalde:
« Ungdomslage Trysil Knut vil arbeide for folkeleg opplysning på full
norsk grunn».
Dette framlegge vart samrøystes godkjent på årsmøte, og svingde her
med ungdomslage Trysil Knut heilt over åt den fullnorske sida og tok der
med avgjort parti i den største kulturelle kamp i nyare norsk sogu.
Den norske viljen skulde snart syne seg også i gjerning. Ungdomen
vanta opplæring i nynorsk, og dermed så gjekk skulestyrar Johannes Arneson
i 1906 i gang med ein privat kveldskule med opplæring i nynorsk. Og
det syner straks i møteboka etter den nye kveldskulen: vi finn no fleire
Forfattaren Ole Haugen,
fylkes/orm 19/0-11.
og fleire referat på nynorsk. Og i 1908 vart
det halde ny kveldskule med landsmålsopplæ
ring, no med fru Gudrid Moren til lærar.
Men no je nemnde den norske viljen, lat
meg da heller ikkje gløyme 1905. Inga bygd
i lande ligg så innkila i Sverike som just Try
sil. Og no spør vi : hoss stelte ungdomslaga
i Trysil seg i 1905, i dei alvorlegaste tider i
heile vår svensk-norske unionssogu? Svare er
ikkje langt undan. Den 19. mars fekk Trysil
Knut i stand unionspolitisk folkemøte på Sol
bakken. Her tala både Sven Moren og Martin
Nyhuus og veteranen Johan Rønningen (og dess
utan Otto Rønningen, son åt nemnde J. R. og
tjft Skogstjerna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0333.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free