- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
15

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

fortel ho um Færøydansen og finn fram tyske
Visur som høver til den. Boki er komi i lleire
Upplag.

Ei onnor Dame fraa Naas hev ført Dansen
til Amerika; men eg veit ikkje um han der
kann trivast.

Me ser at Songdansen er vortin vide kjend
paa desse 10—12 Aari; og held del fram som
det no stemner, saa skulde det vera Von til at
me um eit Tjug Aar eller so kan syngje og
danse Folkevisur att som i gamle Dagar.

Daa eg var paa Færøyane i 1902 vart det
meg sagt, al Dansen der ikkje lenger er so god
som han hev vori. Det same les eg i det vesle
Hefte av Sverre Patursson: «Nøkur Ord
um hin færøyska Dansin». «Det finnst enno
Dans hjaa oss,» segjer han, «som endaa den
vandaste maa kalle god; men dei Bygdine som
kann syne fram Dans som duger er so faa mot
dei som hev mindre god Dans, at dei mest
ikkje er reknande.» Denne Nedgangen viser seg
i, at dei som er med «ik kj e d a n sa, m e n ren na»,
og daa er det ikkje Dans lenger, alt vert upp i
ei Høre. Elter det eg saag der burte kann delte
vera sant; men det var paa ei uhigum Tid
eg var der (um Sumaren, daa dei ikkje plar
danse anna enn i Olavsvuku); det var nok berre
e i n Gong eg saag retteleg god Dans. Men det
var og herlegt.

Visst er det, al noko av det eg i alle Aar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free