- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
150

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vi ha han, fyrst og sist i daap og nattverd. La oss herre
slutte med aa dogmatisere, systematisere, og „forklare"
han inn i born og ungdom, det er den reine narreskap!
Kan ikkje desse høgheilage gaator og glimt av det evige
livet faa vera det dei er — ein hjarteskatt for deim som
har set deim og trur. Kva hjelp var det aa ta dette fraa
deim? Vart dei rikare eller betre av det? Nei, daa
gjorde vi berre eit: vi drap med grove hender noko som
nører til liv og lukke. Det gjer mest alle „forklaringer"
av desse ting.

Nei, la oss fortelja soga um honom som skapte dette
riket — etter Matæus, Markus, Lukas og Johannes — kva
han gjorde og sa, og sidan korleis etterkomarane har prøvt
aa leva dette livet; og so kva dei røynde — utan teologi
og nakne tankar! Reflektering og grubling er forgift for
born — tidsnok fær dei sjukdomen, um ikkje vi set han
paa deim i skulen — tenk i skulen, som skulde hjelpe
deim fram til vokster og liv.

Fyrst og sist: la borna og ungdomen faa sjaa korleis
han, hövdingen, levde dette livet, tett inn aat far sin, og
korleis han gjenom seg sjølv lyfte mannaverdet — og oss
med — upp til dei evige høgder, so vi ser liksom inn i
ei endeløyse av utvikling for oss — og kan tru alt stort,
baade um honom og oss sjølve, og skyne at det vesle vi
no lever er berre litegrand paa flatsida av det store
usegje-lege vi har i vente.

La oss fyrst ta til aa sjaa paa han som menneskje, som
manns-mønsteret — soleis som dei tri har synt han
fram — vi lyt stave før vi kan lesa, krjupa før vi kan
gaa — vi lyt taka til med rota fyrst og ikkje med toppen,
som vi har gjort og gjer. Og sidan — etter som vi veks —
skal vi faa sjaa meir og meir, under paa under, av denne
aands-fyllte mannen, som sa at maalet vaart og var aa
bli gudar. Han, føraren og livgjevaren, straala i alle
guddoms fargar, men dette lyt vi sjaa sjølve og ikkje lære

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free