- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
159

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

usamansette øynamn enda paa «ø», nett som dei skulde
vera samansette. Det er som dei vilde segja «Glaamelv»
for Glaama og «Vormelv» for Vorma, og «Mjøsvand» for
Mjøsi. I den seinare tid hev dei for det meste retta paa
slikt: «Tjøttø» er retta til Tjøtta, «Lekø» til Leka.
«Florø» stend att. — «Florøy», som sume hev teke til aa
skriva, er ei uppnorsking av den falske danske formi. Det
er ikkje nokon grunn til aa nytta den formi naar ein hev
den gamle ekte norske formi fullt livande imillom seg.
— Den 99 1918 raadde bystyret samrøystes til aa taka
namnet Flora. Den 271 1919 fekk eit fleirtal vedtaket
umattgjort; principalt raadde daa bystyret til at det ikkje skulde
verta noko namnebrigde, subsidiært raadde dei til Flora.

Ved namnet Bodø kann det derimot henda at ei
uppnorsking av ei eksisterande falsk form er det mest
nærliggjande. «Bodø» hev eigenleg ikkje noko med ordet «øy»
aa gjera; byen ligg ikkje paa ei øy. Namnet er eit gamalt
vi
n-namn, som upphavleg hev vore gardsnamn. «Bodø»
er ei rein mislaging. I namnet paa bygdi ikring hev dei
teke upp att den gamalnorske formi: Bodin; fyrr skreiv
dei bygdenamnet òg Bodø. Det er vel ikkje so godt aa
restituera bynamnet paa same maaten. Men skal ein fyrst
ha ei uekte namneform, bør ein heller skriva henne paa
norsk: Bodøy, enn paa dansk (Bodø). Dette so mykje
meir som dei der nord vanleg uttalar bygdenamnet
«Bodøya». Byen sjølv kallar dei òg stundom Bodøy(a) og ikkje
Bodø.[1] Det er ikkje nokon serskild grunn mot «Bodøy»
at denne skrivemaaten er vill-leidande; for «Bodø» er like
vill-leidande og vert òg mistydt. I 1918 retta dei
embættsnamnet «Bodø krigskommissariat» til «Bodøy kr.».[2]
Baade Bodøy og Bodin skal ha open, ikkje trong o.

Tromsø er upphavleg eit øynamn, og det hev vorte
vanlaga paa liknande vis som «Florø». Øyi heitte Trums
(hokyn, usamansett) i gamalnorsk. Sjaa Norske
Gaardnavne XVII, s. 133. Trums og Troms skreiv dei


[1] Sjaa Vilhjelm Riksheim, Ljodvokstren i Vefsn-maalet s. 34: «i
Bådøyen (dat.: i «Bodø» by; heller sj.)».
[2] Den 10. decbr. 1919 brigda
dei «Bodøy kr.» til «Nordland kr.».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free