- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
9

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heim so ofte han kunde og vart verande der so
lenge raad var. Det var fyrst i 1827 — etter faren
hadde slokna — at han vart buande for godt i
Kristiania.

I det aaret og aari etter linn han ogso vener.
Me møter han fraa no av i nær umgang med ein
krins av unge menner, som hev dei same hugmaal
og det same livssyn som han, menner, som seinare
mest alle ihop kom til aa faa mykje aa segja i
landet: Schweigaard, P. A. Munch, Fr. Stang,
Dunker, Birch-Reichewald, U. A. Motzfeldt.

I Pilestræte nr. 16 hjaa Christian Langberg eller
paa Schweigaard sin hybel i Øvre Vollgata nr. 5
kom den vesle lyden stødt saman, og paa desse
møti tok dei fyre seg alt millom himmel ogjord;
mykie vit, mange kunnskapar og stor ordhegd var
samla i denne krinsen, og mange av dei tankarne,
som seinare kom til aa reisa hard strid i landet,
vart her horne fram for fyrste gong. — Oftast
galdt vel samtalarne dei heimlege tilstandi, som
dei ikkje var mykje hugtekne av. Dei var harme
paa dei former, det aalmenne livet tok til aa faa,
arga seg yver, kor høgmælte fedrelandsvenerne var,
saag skil leg stakarsdomen i bokheimen og
vitskapen vaar og kjende eit hugdrag mot Danmark, der
kulturen i dei aari bar so rike og saltfulle frukter.
Dei hadde ög den største forvitna av aa fylgja med
i dei utanlandske tilstand i bokheim og politik —
las mykje, — var ungdomeleg ovmodige og svært
stridshuga.

I desse aari fekk den uppglødingi for kunst,
som Welhaven hadde teke med seg fraa skulen,
sitt innhald: under ytre og indre trong, under det
rike samlivet med kammeratane, medan evnorne
hans voks langsamt, og han granska dei store
meistrarne og dei kritiske autoritetarne, sette det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free