- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
32

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32

kunst er aa føre de fram soleis at de kann faa verke
med si eigi magt, utan større stas, som her berre vilde
leide tanken burt fraa de som vigtigare er. Tjodolv
derimot hadde berre aa laga ei ættetavle og fortelja paa.
kortaste. maaten um kvar av desse 30 kongane, kvar
og korleis dei livde, kvar dei no var av-komne og korleis,
og like mykje — truleg 3 vers — um kvar, anten han
visste mykje eller lite um deim. Paa den maaten vart
emne so eingjengt og tunt, so han laut sjaa til aa stasa.
de noko til, um ikkje de skulde taka seg altfor tarvlegt.
ut. Men alt dette hadde han likevel visseleg ikkje funni
paa med ein gong av seg sjølv; de er greidt, at han
hev havt nok av fyridøme fyri seg, slike som
Bragekvadi og mange andre.

Alt tyder soleis paa at de hev vori ei baade lang
og rik skaldetid framanfyri Tjodolv, og kanskje serleg
rik tidi nærast framanfyri. Dette samsvarar ogso med
dei vitnemaali me hev, som gjeng so langt attende.
Millom dei mange bokverki paa Island er de og eit
som er kalla Skaldatal, der de er nemnt namni paa.
alle skaldar i nordlandi som bokskrivaren veit av aa
segja, saman med namni paa hovdingane som dei kvad
for. Her er de nemnt ikkje mindre enn 12 skaldar
som skulde vera paa lag jamaldra med Brage eller noko.
eldre. Verfar hans, Erp lutande, er nemnd fyrr, og
av andre hev me Kalv trøndske, Rev ryske
(9: rygske) og Flein skald, som hadde heime paa
øyi Jösurheid ved Borgund paa Sunnmøre; men etter
-ingin av deim hev me no etterleivt noko av kvadi deira,
andre enn Brage. At dei derimot paa Snorre si tid
truleg hadde kvæde etter fleire av deim, kann ein
millom anna sjaa av de, at han gjev prøve paa eit.
versemaal som er uppkalla etter Flein.

De synest soleis ikkje vera noko i vegen for at
slike som desse Brage-kvadi kunde vera komne til ved
denne tid; og at de vesle me no hev av deim hev kunna
gaa i arv til ettertidi, de synest heller ikkjc vandare
aa tenkje seg enn med Ynglingatal. Attaat er dec
mykjesom talar sterkt for at de hev seg rett med fraasegni
um desse kvadi. De meste me no hev att av deim ser
ut til, som fyrr nemnt, aa vera stykke av eitt og same

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free