- Project Runeberg -  Bondestudentar /
311

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

_311_

som berre var Bondegut, vilde gaa og sprikja og
vera Storkar . . . Denne Tanken prøvde han aa læ
burt. Og han kjeikad seg upp og sette frons urbana
so godt han kunde, for det var den, det kom an
paa . . . Men det var ikkje altid, det hjelpte. Alle
Folk var so flirvise og vigtige; det var som dei trudde
dei var nokot meir enn andre . . . men dei kunde
bia! Dei kunde bia, dei gode Folk! Naar han
eingong kom i Kappe og Krage, og dei daa kanskje sat i
Kyrkja og høyrde sin Dom av hans Munn, so gløymde
dei nok aa flira! — Uff, den som kunde verta Bisp.

— Han gjekk paa Helsing til Grosserar Storr
og vart væl fagnad, endaa Grosseraren sjølv ikkje
var heime. Fru Louise var reint som ei Syster imot
han, og iser var ho fornøgd, naar ho fekk han til
aa fortelja um seg sjølv. Daniel hadde ikkje nokot
imot aa gjera henne til Viljes i dette Stykket, og so
fortalde han alt det, som han vilde ho skulde vita.
Og han fortalde ikkje annat enn som sannt var ; han
kunde forsvara kvart Ord, han sagde — for han vilde
ikkje vera nokon Ljugar —; men han maatte likevæl
undrast sjølv yver, kor godt han fekk det til. Sjølve
Hauden til Artium klarad han fint; og daa Fru Storr
sagde, at Haud var ein god Karakter, og at Bror
hennar helder ikkje hadde meir enn Haud til Artium,
vart Daniel so fornøgd, at Augo hans lyste gjenom
Brilleglasi. Fru Storr saag seg glad paa desse Augo;
dei var so djupe og trufaste, totte ho. So fortalde
ho han, kor glade dei hadde voret i han der heime
paa Steinsrud; daa ho serskilt nemnde Hanna, gjorde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0320.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free